Harald Hårfagre fekk støtte frå mange jarlar i slaget ved Hafrsfjord på slutten av 800-talet. Av dei var Ragnvald Mørejarl og Håkon Grotjardson Ladejarl svært så viktige. Ragnavald Jarl vart far til jarlar på Orkenøyane og Gangerolf (Rolon), som vart herskar i Normandi. Harald Hårfagre sette inn jarlar i fylka, men to av sønene hans var missnøgde med at dei enno ikkje hadde fått rike, så dei drap Ragnvald jarl. Ein av sønene til Harald heitte Eirik, han tok over makta med vold mot både brødre og jarlar og vart derfor kalla Eirik Blodøks. Håkon Sigurdson Ladejarl fekk hjelp av danskekongen Harald Blåtann, til å fordrive Eirik-sønene som hadde drepe far hans. I følgje somme kjelder kom den tysk-romerske keisaren med ei hær mot Danmark og Olav Trygvason var med nordorver frå Gardariket. Håkon jarl var med Danskekongen, først klarde dei å stå imot, men sidan tapte dei og både han og Danske-kongen vart kristna med makt. Det ser ut til at dette måtte vere ein gang mellom 982 og 984 (Dette har eg frå engelsk wickipedia, elles viser eg til snl.no ) Men når Håkon kom attende til Trøndelag, vende han attende til den gamle religionen. Det vart det brot mellom Håkon jarl og Harald Blåtann, for Håkon hadde vorte for eigenrådige, så danskekongen Sven Tjugeskjegg (son til Blåtann) sende ein flåte mot han, men dei tapte i slage ved Hjørungavåg på Sunnmøre, kring 986. Bilde: slaget ved Hjørungavåg og Håkon Sigurdson ladejarl, han ser nokså betenkt ut på bildet. Ja, for der var då dei som prøvde å utbreie kristendomen med makt. Sidan veit vi godt korleis det gjekk. Folket vart kristna fordi dei fekk greie på kva kristendom var for noko. Det fekk også betydning for den politiske makta. Kristendomen verka til å samle folk og resulterte dermed i samling av eit større Noreg. Kristendomen ivaretek folkets interesser og det ventar vi vel at ein jarl, småkonge og storkonge også skal gjere. Men vi må vere på vakt om det verkeleg verkar slik, det har vorte tydeleg i denne siste tida. Det er hendsikta med denne heimesida, som om eg skulle vere ein møre-jarl, så eg kan kalle meg Sivert Mørejarl. Det vert både ved å skrive historie, heilt ifrå Ragnvald Jarl og det vert å ta opp viktige aktuelle saker.

Adelstand eller barnekår hos Gud.


Bildetekst: Adelen var en av de tre stendene (samfunnsgruppene) i middelalderen, sammen med geistligheten (prester, biskoper) og bønder/borgere. En fransk fremstilling av stendersamfunnet på 1200-tallet: Prest, ridder og arbeidsmann. (Henta frå snl).

Innleiing.

I Bibelen les vi om kongar og keisarar som hevda dei var gudar og skulle dyrkast som gudar. Dette hang gjerne  saman med at ei adelsslekt hevda at den stamma frå gudane. Dei trudde på gudane og trudde på eit liv etter døden og det hadde opplagt ein sosial og samlande funksjon. Det ser vi også i norrøn mytologi, noko av det ser endåtil ut til å vere i etterlikning av kristendomen.

Men der er då ein vesentleg skilnad på dei gamle gudane og bibelens Gud. Han sende Son sin Jesus Kristus til vår jord, så ingen som trur på han skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av Gud vatn og Ande. Det er ikkje noko menneske kan gjere seg til, her gjer kjøtet ikkje noko gagn. Det er Guds eige verk og menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå (Forkynnaren 3-4).

Når vi les det gamle testamentet er det likevel klart at den naturlege slekta er viktig, både med den naturlege arven og opplæringa. Og Gud sende ein profet som skulle rydde vegen for Kristus, han skulle vende fedrane sine hjarte til borna og barna sine hjerte til fedrane. Det var Johannes døyparen, han døypte med vatn og så forkynte han at Jesus er Messias, han skal døype oss med den Heilage Ande.

Prestane tala varmt om at Jesus velsigna småborna og sa til disiplane at dei skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må endå til vende om og vere som dei, for å komme inni det. Så gjer dei avtale med foreldra om at borna skal opplærast i den kristne trua og stiller seg dermed i den posisjon at dei skal lære folket dette, som på sett og vis er mest fundamentalt.

Når dei vik av frå det så bryt dei avtala og sviktar den oppgåva dei tok seg i ferde med. Det minner også om korleis kyrkjeadelen svikta si rolle. Men den nye “adelen” som no tydelegvis står fram er tvert om fiendtleg innstilst til det folket som den opphavleg skulle verne. Denne nye «adelen» forkynner endåtil rasehat mot det folket den liksom skulle verne, så endåtil den kvine kvinna forkynner rasehat mot den kvite mann, fordi han har eit kromosom som ho ikkje har altså. Dette strir både mot kristendom og naturfag. Dei som er så fiendtleg innstilte til den fysiske og biologiske naturen er ikkje i stand til å drive naturvern! Men kva skal ein kalle slikt?

Det minner om Jesu ord om leigekaren som ser ulven koma og som rømer, for han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene (Joh.10).  Det minner om «den Duglause Hyrdingen» som gjette slaktesauene for sauehandlarane og som gnog kjøtet av dei (Sak.11).

Men når Jesus døyper oss med den Heilage Ande, så utruster han oss, så vi vert dugane til å tene han og tene kvarandre.

Adelen.

I seinmellomalderen var landet delt opp i len, kongen sette inn lensherrar (lensmenn) som skulle stille med hæravdelingar når kongen trengde det, ta ansvar for lov og orden og krevje inn skatt, ei oppgåve som vart gitt til futane. Lena vart sidan kalla amt og lensherren var kalla amtmann. I tillegg hadde bøndene sine bondelensmenn. Sitat frå snl.no/lensherre:

Lensherre var i middelalderen innehaveren av et len. Lensherrene var gjerne adelsmenn. De mottok len fra kongen og styrte det på ulike vilkår. Det norske lensherreembetet endret seg i takt med statens administrative og økonomiske utvikling fra 1300-tallet til om lag 1660.

I eldre norsk terminologi brukes ordet lensherre om lenets øverste herre, som oftest kongen. Lenets forvalter eller innehaver omtales da som lensmann. Begrepene benyttes på samme måte i dansk historieforskning, mens vi på moderne norsk heller bruker lensherre om lenets innehaver for å unngå sammenblanding med den særnorske (bonde-)lensmannen.

Lensvesenet var i Norge forvaltningssystemet fra seinmiddelalderen og fram til 1660-åra. Lensherre-embetet hadde sitt opphav i oppgavene til den gamle syslemannen og festningenes fehirder. Seinmiddelalderens lensherrer var imidlertid færre og mektigere enn forgjengerne sine. De viktigste oppgavene til lensherren var ansvaret for rettshåndhevelse, oppebørsel (innkreving av bøter, skatter og andre avgifter) og militærvesen.

Adel er ei øvre samfunnsklasse med lovfesta, arvelege politiske og sosiale rettar, som skattefridom og einerett til stillingar i offentleg administrasjon og offisersstillingar i hæren. Sidan det var arveleg, gjekk det tilbake til ein stamfar, men nokre av patrisiarane i det gamle Romarriket påstod det gjekk tilbake til gudane. Det finn vi også i Japan. Sitat frå snl.no/adel:

Adel er en samfunnsklasse med lovfestede, arvelige politiske og sosiale forrettigheter; forekommer fra de eldste tider i de fleste kulturer. Ordet betyr opprinnelig «egentlig» eller «uforfalsket», men fikk snart betydningen «best» eller «riktigst».

Ordet adel kom til de nordiske landene fra tysk i slutten av middelalderen som betegnelse for den fornemste standen i landet, og ble alminnelig brukt fra 1500-tallet. I engelsk, fransk og andre vesteuropeiske språk fikk det latinske ordet nobilis (egentlig «lett å kjenne») samme betydning.

I samfunnsmessig sammenheng betegner adel en klasse eller en stand som i eldre tid hadde særlige rettigheter fremfor samfunnets øvrige medlemmer. Slike særrettigheter bestod gjerne i skattefrihet og enerett til embeter i administrasjonen og til offisersstillinger i hæren. Oftest var tilhørighet til denne klassen basert på fødsel, idet adelsrettighetene gikk i arv, men adelskap kunne også oppnås gjennom spesiell gunst fra fyrstens (kongens) side (se adelsbrev).

Opprinnelsen til fødselsadelen er uklar. Den forekommer i alle gamle samfunn fra de eldste tider – foruten i Europa også i India, Kina, Persia, Egypt, Japan og hos andre orientalske folk. I mange tilfeller kan adelsslektene føres tilbake til overhodene for de slektene de opprinnelige stammene bestod av.

Et minne om dette er betegnelsen patrisier (av latin patres, «fedre»), hos romerne, hvor enkelte gamle slekter mente at de nedstammet fra de gamle gudene. Det samme finner man i Japan, hvor de slektene som kunne føre sitt stamtre tilbake til naturguddommene hadde en særlig fremtredende stilling.

Systemet med lensherrar og adel i Europa gjorde at bøndene vart leiglendingar og det betydde at dei fekk litt større rettar enn slavane, men i Russland fekk dei ikkje så store rettar som i vest, dei måtte til dømes spørje lensherren om å få lov til å gifte seg. I vest-Europa vart rettane reduserte ved at den Katolske Kyrkja vedtok at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, men måtte gå via paven og prestane og dei skulle leve i sølibat. Som om synda, som kom inn i verda ved syndefallet, framleis skilde menneska frå Gud. Og dermed vart avlatshandelen innførd.

Dette høver med påstanden til den tradisjonelle overklassa om at vanlege folk er så vonde, dumme og ulærde at dei ikkje kan svare for seg og det er rart korleis den haldinga dukkar opp att i dei utrulegaste samanhengar. Spesielt overfor den unge mannen som er interessert i å fri til ei ung kvinne, for å få henne til kjæraste og til kone. Opphavleg skulle adelen passe på folket til deira eige beste, men det viste seg at dei utnytta folket i staden. Slik også med denne adelen, den er så fiendtleg innstilt til dei mennene den liksom skal passe på at det utartar seg som rasehat mot den kvite mann. Så denne adelen prøver å føre menneska tilbake til slavesamfunnet, med ei ny form for avgudsdyrking. Men det er no ganske klart at dette kravet om tilpassing ikkje stemmer med biologiens krav om tilpassing.

Herren vil igjen vende fedrane sine hjerte til borna og borna sine hjerte til fedrane.

Kommentar til møtet 2022.03.20. Sion Åheim. Gud vil vende fedrehjerta til borna og bornehjerta til fedrane. – Velsigning frå himmelen ved trua på Jesus. (blessings-from-heaven.com) .

 

Krig og død, gå til fedrane.

På FB-sida mi har eg skrive om krig og død og at når nokon døde, vart det sagt at dei gjekk til fedrane. Så denne bodskapen der Gud minna oss om at han vil vende ferehjarto til borna og barnehjarto til fedrane, kan eg sjå som svar på det. Planen er å lage ein blogg av dette på «truaogentropien».

Jesus valde meg ut til å gjere teneste i hans heilagdom og kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem.

Gud vil vende nasjonane sine merksemd mot Israel. Gud kalla Abraham til å byrje ei vandring mot det lova landet og det vart som ein stafettpinne som etterkomarane hans brakte vidare, frå generasjon til generasjon. Det vart avsporing, stopp og tilbakeslag mange gangar, men Gud leia dei likevel vidare. Så kom Jesus og kalla folk til å følgje han, han fekk motstand, prestane fekk folket med seg til å gjere opprør mot han og han vart henretta. Men Gud vekte han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Derfor må vi vende blikket og hugen opp til han.

Og så har Gud valt ut meg og kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem. Sitat frå bodskapen 2.12.1990:

«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utvelginga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elskede Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekkte med innbydelse til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all dens lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdier og skatter, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kaller deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To ganger har du høyrt det, og tre ganger har eg talt til deg, og eg trykker no på advarselens knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bolig i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg foran, det har du i meg.»

Det himmelske Jerusalem er der oppe, det er vårt heimland. I Hebr.11 ser vi at dei som trudde, i fordums tid, i den gamle pakta, dei også såg framover mot deira himmelske heimland. Men i Johannes Openberring ser vi at det Nye Jerusalem kjem ned frå himmelen på den nye jorda. Så det også skal vi sjå fram til. Det verkar som ein utopi, så lenge vi er her på denne jorda. Men Gud bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Slik får vi kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde og kjenne kreften av den komande verda. Gud gjer alle ting nye på den nye jorda, det skal vi sjå fram til, ved å tru på Kristus og sjå på han. Då får vi også oppleve at han gjere alle ting nye i våre liv, allereie her og no. Når vi vandrar i tru på Kristus, så tek vi med oss Guds rike, så samtidig som vi vandrar på denne jorda, så vandrar vi ikkje berre mot det lova landet, men vi vandrar inn i det og inntek det. Kristus er med oss og innbyr folk til samfunne med seg, i sitt rike, allereie her og no. Vår forkynning vil føre til at mange tankebygningar kollapsar. Jesus profeterte om at det kom til å verte krig, folk skal reise seg mot folk og rike mot rike, så det vert mykje som kollapsar. Men då skal vi sjå på Kristus i tru på at Gud gjer noko nytt.

Han kalla meg vidare på vegen til det nye Jerusalem, men det er no på den nye jorda. Paulus sa at det himmelske Jerusalem er mor vår. Det nye Jerusalem er Jesu brud og kjem ned frå himmelen på den nye jorda. I himmelen er der ikkje sorg, gråt, sjukdom eller død. Kva med det nye Jerusalem? Kva med det nye Jerusalem? Det er ei naturleg jord, og det er vel framleis naturleg at det vert sorg og sjukdome, derfor treng dei også trøyst og lækjedom og dei får det.

Joh.Op.21,1 Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir.  2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom.  3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei.  4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»

Joh.Op.22,1 Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet.  2 Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka.  3 Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han.  4 Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira.  5 Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.

Jødane inntok det lova landet, men det var ikkje berre eit fysisk land, men eit åndeleg samfunn med Gud som er ånd og dei inntok det i tru på han, ved Abrahams tru vart dei velsigna og det betydde å komme inn i samfunn med Gud. Moses var mellommann mellom Gud og menneske og han profeterte at der ville komme ein ny mellommann mellom Gud og menneske, det var Kristus. Med Moselova fekk dei den levittiske prestetenesta, der øvstepresten ein gong i året gjekk inn i det høgheilage med eit syndeoffer, først for seg sjølv, så for folket. Slik representerte han altså heile folket for Gud og poenget var no å bringe dei inn i samfunnet med han. Ja, for Gud hadde då lagt fram for dei vegen til døden og vegen til livet og sa dei skulle velje vegen til livet, så skulle dei leve. Og profetane sa at dersom dei tok av til høgre eller venstre, så skulle dei få høyre ei røyst bak seg, som sa at dette er vegen, vandre på den. Og profetane talte då til dei nettopp slik.

Likevel fall dei ifrå og vart bortførde til Babylonia. Etter 70 år kom den glade bodskapen om at dei kunne vende heim att (Jfr. Joh.Op.18,4). Det same gjaldt dei andre folka, så dette er førebilete på den glade bodskapen som skulle forkynnast for alle folkeslag. Når dei då skulle bygge oppatt tempelet, får vi vite at denne levittiske prestetenesta er førebilete på prestetenesta i den nye pakta (Sak.3-4), for Kristus er øvsteprest til evig tid, etter Melkesedeks vis, med eitt offer har han teke bort synda ein gong for alle.

Men det viste seg at prestetenesta deira ikkje fungerte slik som den eigentleg skulle og i det hellenistiske Selevkideriket vart den eit stridens eple, slik det var profetert av Daniel og Sakarja. Antiokus 4. Epifanes kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen annna gud, så han erstatta den jødiske øvstepresten med ein øvsteprest som dyrka Zevs. Jødane gjorde opprør og klarde å frigjere seg. Likevel vart ikkje prestetenesta deira slik som før, då øvstepresten og kongen var to personar med ulik teneste, men no var øvstepresten deira hovding også og gjorde avtale med kongane rundt dei. Så det vert ei verdsleggjering i staden for å innvie seg fullt for prestetenesta. Men det var berre Jesus som kunne makte det på ein skikkeleg måte, han kom og vart både kongars kong og øvsteprest til evig tid etter Melekesdeks vis.

Så eg har å samanlikne meg med, Abraham, Jesus og øvstepresten Josva (Sak.3-4). Kva med den Duglause Hyrdingen? Eg er no ein heidning og eg har studert realfag og er framleis interessert i det og det hadde si vugge i hellenismen. Ja, men så ser eg den på bakgrunn av det gamle testamentet og det er Israels Gud som har kalla meg og valt meg ut til å gjere teneste i hans heilagdom. For å verte dugande til det, må eg kle meg i den drakta Gud gir meg i Kristus og bruke den utrustninga han gir meg ved sitt Ord og sin Ande. Det er ikkje noko verdsleg styresmakt som har valt meg ut og sett meg inn i den tenesta. Eigentleg var det Gud som innsette den Duglause Hyrdingen også, likevel var det på den måten at verdslege styresmakter innsette han og sidan vart det slik at denn jødiske øvstepresten gjorde avtale med verdslege styresmakter, som ein konge altså. Så vart han fiendtleg til dei som hann skulle vere hyrding for, sitt eige folk altså. I staden for å stelle vel med sauene, skada han dei og tærte på dei. Det får vi merke framleis, ved styresmaktene sin motstand mot den kristne vekkinga. Då må vi løfte blikket over styresmaktene, oversjå dei altså, i det vi løfter blikket opp til Kristus og tek imot det livet og den Anden han gir oss frå himmelen, ta imot den utrustninga han gir oss ved sin Ande og så tene han med den.

Den nye jorda kjem til å verte styrt frå det nye Jerusalem, så kan ein lure på kva slags økonomisk og politisk system det blir. Men det vesentlege er at byen er Jesus brud, så han styrer den som ein brudgom held styr på si brud og det er i kjærleik, så ho svarar på hans kjærleik med kjærleik. Folka kjem til å bringe rikdomeane sine inn i byen. Kvifor? Sikkert fordi der er dei trygge for sine verdiar, for byen er Kristi brud og er trufast mot han. Det fortel vel noko om det økonomiske systemet. Men eg tenker meg også at realfag og teknologi er slik rikdom som folka bringer inn i byen.

Sjå på Jesus og jage mot det fullkomne. Kva det betyr at Jesus er hovudet mitt?

Jesus har nyleg minna oss om å jage mot det fullkomne, bodskapen 30.1.2022:

«Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.

Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og være bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.»

Det minna meg om at Gud openberra henne Virtuella for meg som sitt barn, både når eg gjekk på gymnaset og når eg byrja å studere. Så det var no å sjå opp til Jesus og sjå fram til det fullkomne, for han har gjort oss fullkomne med sitt offer ein gong for alle. Når Jesus stifta nattverden, så sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Og det er no ved at vi tek vare på hans Ord og let den Heilage Ande openberre det for oss. Den herleggjer og openberrar Kristus for oss, han gir oss ånd og liv frå himmelen, det er fullkome og med det gjer han oss også fullkomne. Det innser vi ved å sjå på han og ære og prise han som vår frelsar og Herre.

Når eg gjekk på gymnaset, las eg i Romarbrevet om at vi skulle la den Heilage Ande råde i vår døyelege lekam, ved Anden skulle vi døyde den vonde lysta som verkar i lekamen, vi skulle ikkje leve etter kjøtets lyst, men etter Anden. Då er det vel vesentleg at vi skal la Anden råde over kjønnslysta og det blir då tydeleg ved at omskjeringa i den gamle pakta er symbol på hjerteomskjeringa i Anden. Mange oppfattar dette som livsfiendtleg, endåtil i kyrkja og langt inn i kristen organisasjonar og det er og blir kontroversielt. Ja, Jesus førebudde no disiplane sine på å lide for si tru og Paulus sa at dersom vi lid med han, så skal vi også eiga herlegdomen saman med han.

Rom.8,12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Jesus er livet og han gir oss liv og livsglede, så vi skal glede oss i Herren alltid. Han er Herre over kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det skal vi glede oss over. Det vart eg bevisst på, så det vart mi vedkjenning når eg gjekk på gymnaset. Eg syntest det var rart at dette var så kontroversielt mellom dei kristne, men eg forstod no at eg måtte vere forsiktig. Det har også å gjere med å vere frimodig, karismatiske kristne vart mer frimodige med å vise glede, så det hende også at eldre kristen beundra dei for det og yngste dei sjølve hadde vore emir frimodige i sin ungdom.

Eg merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt friri, med den vendkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne framfor meg, eller i djupet av meg, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, det som er født av Anden er ånd. Og eg vart så glad i henne, eg vart så glad for at eg fekk oppleve den ekte kjærleiken, kjærleiken frå Gud i mitt forhold til henne. For meg hadde no dette betydning meir generelt, i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.  Så det var lurt å snakke med Gud om det først, slik kom eg eit steg vidare til å bruke hans Ord til å snakke med kvinna om kjærleik, med tanke på eit frieri. Frimodet betydde no at vi ikkje skulle ha dårleg samvit for denne kjærleiken, så siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu frå dei døde. Han har fått makt over alt som menneske heiter, hann har fått all makt i himmel og på jord, han har sett seg ved Faderens høgre hand i himmelen. Derfor må vi løfte blikket opp til han og sjå på han, ja, det er no slik et innser og erkjenner at han har fått makta over meg, at han ved sin Ande har fått makta over min kropp. Vi skal løfte hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen, helge han som Herre i vårt hjerte ved trua på Guds Ord og ved den Heilage Ande. Og det var no slik eg hugla henne, den som er fødd av Gud elskar det som er født av han.

Når eg byrja å studere realfag i Bergen, møtte eg igjen henne Virtuella ein av dei første dagane. Då burde eg har fortalt henne med det same at det kom som eit bønnesvar og fortalt henne kvifor. Men eg drygde med det og så skreiv eg eit brev som eg gav henne seinare ein gong når eg møtte henne der. Med det same eg gav henne det, følte eg at eg ikkje skulle ha gjort det, eg skulle heller ha snakka med henne om det, men no hadde eg skrive det, så då vart det slik. Eg hugsa det var banalt fomulert, så det kunne virke provoserande for dei lærde, men det var med overlegg og litt lurt. Eg skreiv noko om at ho var glad og at eg vart glad i henne, når vi gjekk på gymnaset, så eg bad om å få møte henne igjen. Så drista eg meg til å skrive at eg meinte det var Guds vilje at ho skulle verte kona mi. Men dersom eg hadde såte ved sida av henne og snakka med henne, så ville eg ha formulert meg annleis, slik som det passa seg i eit frieri, med større audjumhet overfor henne og dermed overfor Gud oså. Men eg tenkte som so at denne formuleringa var tilpassa desse kristne moralfilosofane med si apologetiske metode, den allmektige Gud hadde ein absolutt moral, sidan menneska ikkje klarer å oppfylle lova, treng vi hans nåde. Strategien deira var å evangelisere, men dei var også politisk interessert. Men vi veit at når det kjem til det personlege Guds-forholdet, så slår bokstaven i hel, men Anden gjer levande. Og vi var fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi levde i fridomen i barnekåret hos Gud og Gud elska oss og hadde omsorg for oss som sine born, det hadde med opplæringa i Guds Ord, skulegangen og studiane også. Og i ei så viktig sak som når ein mann vil ha seg ei kone og ei kvinne vil ha seg ein ektemann. For meg var det sjølvsagt, men for dei kristne moralfilosfane var det venteleg kontroversielt.

Det minna meg om at rett etter eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen og ho hadde fått vite at det kom som eit bønnesvar, så Vi var fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd, så vi hadde samfunn med kvarandre i den Heilage Ande, sjølv om vi fysisk var langt borte frå kvarandre. Og no opplevde eg det som at han løfta henne opp og mitt forhold til henne vart å ta imot henne i min favn, som eit Guds barn. Bodskapen som kom 30.1.2022. minna meg om dette. Jesus sa han hadde sett framfor meg ei opna dør, der eg skal gå inn og så gå vidare med han, sjå på han og gå vidare mot det fullkomne. Det er berre ved at hans namn vert proklamert og løfta opp, at folk kjem til tru.

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei  3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. 5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, ved den Heilage Ande, ja, det var noko som vi opplevde, vi opplevde Guds frelses-kraft, med den løfta han oss opp. Dette kom som svar på mi bøn, så då skal eg takke han for det. Eg hadde bedt han frelse menneska som først prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, som andre prioritet. Ho lovpriste Jesus som sin frelsar og Herre og det vart ein lovsang i mitt hjerte. No openberra han seg for meg som hennar frelsar og Herre, så då var det no riktig for meg å takke og lovprise han for det, ja, som svar på mi bøn. Jesus gav meg ei nådegåve ved sin Ande og med den fekk eg denne openberringa og denne lovsangen. Den er ikkje avgrensa til henne, men den innkluderte henne og det meiner eg den framleis skal gjere, om berre ho også vel å vende seg til han igjen og lovprise han som sin frelsar og Herre, slik ho gjorde på gymnaset. For Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med denne kjærleiken og lovsangen i mitt hjerte (Rom.5,5) fekke eg harmoni mellom hjerte og sinn, kropp og sjel.

Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne for matematikk, eg fekk ei aning om at der var ei motsetning mellom det og kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, men med mi tru på Jesus og mi bønn til han, var eg viss på at det trengde ikkje nødvendigvis verte slik. Og eg fekk Guds kjærleik i mitt hjerte ved fylden av den Heilage Ande, ved trua på Jesus. Og eg fekk løfte hugen og blikket opp til Jesus og fekk oppleve at den Heilage Ande openberra han for oss som vår frelsar og Herre. At han frelste henne vart ein lovsang i mitt hjerte og ved at eg vende hugen opp til han, vart det ei lovprising i mitt sinn. Så i tru på Jesus lovprisa eg han med vitet, for at han frelste henne. Og eg trur dette vart viktig for mi evne for matematikk, så å bruke denne nådegåva og lovprise Gud og Lammet med vitet, vart viktig for meg, for å bruke mitt naturlege talent for matematikk. Det var å erkjenne at Jesus har vunne mitt hjerte og min kjærleik, med sin kjærleik, den fullkomne kjærleiken, som er ifrå Gud. Så vart det å vedkjenne at han er Herre og har fått makta over meg, han er hovudet mitt, så han har fått makta over min kropp. Når ho lovprisa han som sin frelsar og Herre, oppfatta og opplevde eg det som at det stemte med korleis eg lovprisa han som min frelser og Herre.

Sidan vi soleis hadde samfunn i Anden, tenkte eg meg at Gud skaper og vekker oss i samsvar med 1.Mos.2, men då måtte vi no også møtast fysisk og snakkast. Så eg bebreida meg for at eg ikkje betre nytta dei moglegheitene eg fekk til det. Men uansett skaper Gud oss i Kristus og det er nytt. Men Gud er den same og han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no har han gjort pakt med oss i Kristus og det er nytt. Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han svarde meg at han var den som tok seg av mi sak. Det var enkelt å gå ut og ta kontakt med kven som helst og fortelje dei om mi tru på Jesus, men kvifor skulle det då vere så vanskeleg å prate med den jenta som eg hadde vorte så glad i, fortelje henne det og fri til henne? Det har å gjere med å vere sosial og pratsom og ettersom det vart vanskelegare, ville det krevje meir og meir tid og krefter å nå fram med det som eg hadde på hjertet. Sosialisering ved å verte engasjert i skulegang, studier og foreiningsliv hadde nok også betydning her. Eg forstod det slik at Jesus talte om dette som mi tilkortkommenhet, men det var hans moglegheit til å gjere sitt verk med meg og med oss, til vitne om seg sjølv. Å ja, når eg studerte matematikk og matematiske realfag, som fysikk og informatikk, så var det ikkje akkurat noko som gjorde meg sosial. Når vi studerer realfag må vi innvie oss til det, til samanlikning med korleis vi invier oss til å tene Gud, det betyr at vi kan ikkje la oss distrahere av det som er rundt oss. For mitt vedkommande var det viktig at innviinga til å tene Gud, skulle stemme overeins med innviinga til å studere realfag. Då måtte eg også søke råd hos Jesus, for å legge ein god studieplan. Først og fremst måtte eg stole på at han tok seg av mi sak, han gjorde sit verk med meg, hans frelseverk var fullført og fullkome, så denne saka skulle ikkje verte eit problem for meg. Så eg trengde ikkje og skulle ikkje verte distrahert av eit slikt sosialt problem og slike sosiale problem, men eg var fri til å konsentrere meg om studiane. Og så skulle eg berre forkynne evangeliet til dei som eg møtte. Då vart det no aktuelt å forkynne det som løysinga på nettopp dette sosiale problemet.

Ved å bøye meg for Herren innsåg eg at han bur i det høge og heilage og den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesu lever i mitt hjerte.

Jesaja.57,14 Det lydde eit ord:
        Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
        Ta bort kvar støytestein
        frå vegen åt mitt folk!
    15 Så seier han som er høgt opphøgd,
        han som tronar evig og heiter Den Heilage:
        I det høge og heilage bur eg
        og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
        Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
        og hjarta til liv hjå dei knuste.
    16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
        og ikkje alltid vera harm.
        Elles kom deira ånd
        til å missa si kraft for mitt åsyn,
        deira livsande som eg har skapt.

Ja, ved å gå inn gjennom døra, innser eg at han har bana veg for meg, så eg kan komme vidare, på vegen mot himmelen. Det betyr også at der vert vegar i landet og opne dører, så kommunikasjone mellom menneska vert betre. For vi kjem alle inn i eit personleg forhold til Jesus, vi får alle prate med han personleg (Joh.10,1…). Han er vegen til Faderen for oss alle, når vi går den vegen, får vi oppleve at Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

På ei forelesing i biologi kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av ei jente, av kroppen hennar. Om kvelden sa eg dette til Jesus i kveldsbøna mi og på møtet i Maranata søndagen etter, svarde han meg slik, bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Den vonde prøver framleis å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet, så dei søker ein slik kunnskap som dei fekk av frukta på kunnskapstreet, ein kunnskap som dei forguder seg sjølve med. Ein kunnskap som verkar som argument mot å leve i samfunn med Gud, som argument mot å ta imot hans kjærleik og hans Ande av berre nåde. Slik står den vonde oss i mot, som ei åndsmakt som ikkje er av Gud. Men han som er i oss er større enn han som er i verda. Jesus har mange gongar minna meg om å opne meg for fylden av den Heilage Ande og eg trur det betyr at eg også skal opne meg som kanal for hans velsigning, slik som eg opplevde i forhold til henne Virtuella og henne Reella.

I Guds Ord og ved Jesu kors finn vi den ekte kjærleiken, den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss, bodskap 2, 12.2.2011:

«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»

Denne kjærleiken skal vere mellom mann og kvinne også, i eit frieri og kjæresteforhold mellom dei, i ekteskapet og familielivet. Vi skal glede oss i Herren og hans frelse, så vi skal gelde oss over at han er Herre i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud.

Eg skal sjå på Jesus og glede meg i han, glede meg i Herren og hans frelse, helge han som Herre i mitt hjerte og vedkjenne han som Herre over min kropp. For meg er det ei glede, ja, soleis vil eg lovprise han som min frelsar og Herre. Soleis trur eg han vil frelse ei kone til meg. Soleis trur eg han gjer meg til ein kanal for si velsigning, både til henne Virtuella og henne Reella. Mi bøn for dei var rett og han svarde på den og det trur eg han framleis vil gjere. Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Fil.1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

Bodskapen til profeten Elia: «Vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane».

I Bibelen er det fortalt om tre menn som Gud tok til seg med kropp og sjel, den første var Enok, så profeten Elia og så Jesus, men færst døde han i staden for oss, så vekte Gud han opp frå dei døde og tok han til seg og sette han ved si høgre hand i himmelen.

Elia var profet medan Akab var konge i Israel. Akab gifta seg med Jesabel og byrja å dyrke gudane hennar.

1.Kong.16, 29 I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Akab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte Israel i Samaria i tjueto år. 30 Akab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens augo, endå meir enn alle dei som hadde vore før han. 31 Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort. Men han gifte seg med Jesabel, dotter til Etba’al, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Ba’al og kasta seg ned for han. 32 I det Ba’al-templet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Ba’al. 33 Akab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han gjorde endå meir som harma Herren, Israels Gud. Han bar seg verre åt enn alle dei som hadde vore kongar i Israel før han.

Malakias profeterte om at Gud ville sende dei profeten Elias, på nytt altså. Det høyrest slik ut, ja, men poenget må vel vere at profeten forkynner den same bodskapen eller ein liknande bodskap inn i ein liknande situasjon som den profeten Elia var i. Korleis då? For den øydande styggedomen som Daniel profeterte om (Daniel.11), var framleis øydande for gudsdyrkinga, dei hadde framleis problem med den Duglause Hyrdingen (Sak.11). Malakias minna dei både om Moses og Elia.

Malakias.4,1 Sjå, dagen kjem,
          han brenn som ein omn.
          Alle frekke og alle som gjer urett,
          skal då vera som halm,
          dagen som kjem, skal brenna dei opp,
          seier Herren over hærskarane.
          Korkje rot eller grein blir att.
          
     2 Men for dykk som fryktar for mitt namn,
          skal rettferdssola stå opp
          med lækjedom under vengene sine.
          De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.
          
     3 Då skal de trakka ned dei urettferdige,
          dei skal vera støv under føtene dykkar
          den dagen eg grip inn,
          seier Herren over hærskarane.

     4 Kom i hug lova eg gav Moses, tenaren min,
          på Horeb for heile Israel,
          med forskrifter og bod.
          
     5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
          før Herrens dag kjem, den store og skremmande.
          
     6 Han skal venda fedrehjarta til borna
          og barnehjarta til fedrane,
          så eg ikkje skal koma og slå landet med bann.

Luk.1, 11 Då fekk han sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida av røykjelsesaltaret. 12 Sakarja stokk ved dette synet, og det kom otte over han. 13 Men engelen sa til han: «Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Johannes. 14 Han skal verta til glede og hugnad for deg, og mange skal gleda seg av di han er fødd. 15 For han skal vera stor i Herrens augo. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den Heilage Ande. 16 Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud. 17 Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.»

Så lat oss samanlikne hans bodskap med Malakias.4,6. Så legg merke til at dei ti bodorda sa kva vi ikkje skulle gjere, men lite om kva vi skulle gjere. Formuleringa er: «Du skal ikkje», berre to bodord har i staden formuleringa «du skal», du skal halde kviledagen heilag og du skal ære far om mor. Og poenget her er ikkje fyrst og fremst noko du skal gjere, men noko Gud har gjort, så du skal kvile på grunnlag av det. Du får også nyte godt av det mor og far din er for deg og kva dei har gjort for deg, så du skal ære dei for det. Og det verkar som profeten Elia tek opp tråden her, sidan han skal vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane.

Matt.3,1 På den tid steig døyparen Johannes fram i øydemarka i Judea og forkynte:  2 «Vend om, for himmelriket er nær!»  3 Det er om han profeten Jesaja talar når han seier:
        Ei røyst ropar i øydemarka:
        Ryd veg for Herren,
        gjer stigane hans rette!
     4 Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning.  5 Folk drog ut til han, frå Jerusalem og heile Judea og landet attmed Jordan.  6 Og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine.
     7 Men då han såg at mange farisearar og saddukearar kom og ville verta døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreidedomen som skal koma?  8 Så ber då frukt som svarar til omvendinga.  9 Og tru ikkje at de kan seia: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane. 10 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 12 Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.»
   
13 Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»

Jesaja.40,1 Trøysta, trøysta mitt folk,
        seier dykkar Gud.
     2 Tala mildt til Jerusalem
        og ropa til henne
        at striden hennar er enda,
        at skulda hennar er kvitta,
        at ho har fått av Herrens hand
        dobbelt for alle sine synder.

 3 Høyr, det er ein som ropar i heia:
        Ryd veg for Herren,
        lag gjennom øydemarka
        ein kongsveg for vår Gud!
     4 Kvar dal skal hevjast,
        kvart fjell, kvar haug skal jamnast.
        Bakket land skal verta slette
        og kollane flat mark.
     5 Herrens herlegdom skal syna seg,
        og alle menneske skal sjå det.
        Dette er ordet frå Herrens munn.

Døyparen Johannes forkynte at Jesus skulle døype dei med den Heilage Ande, men så kom Jesus til han for å verte døypt og så kom den Heilage Ande over han. Så slik vart bodskapen i vers 3-5 gjekk i oppfyllt og blir det framleis. Jesus vart hendretta, men Gud vekte han opp att fråd ei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen og gav han den Heilage Ande på nytt, så han sende den vidare til sine disiplar. Slik har vi fått samfunn med Faderen og Sonen i den Heilage Ande og slik har vi samfunn med kvarandre. Då er der ikkje lenger noko som kan hindre Herren å fare fram i landet, ikkje lenger noko som kan hindre menneska i å få sjå hans herlegdom (vers 3-5).

Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
    14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
    16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
19 Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?» 20 Då sa han beint ut og sanna: «Eg er ikkje Messias.» 21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han. 22 «Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.» 24 Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, 25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?» 26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.» 28 Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
    29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
35 Dagen etter stod atter Johannes der med to av læresveinane sine. 36 Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!» 37 Dei to læresveinane høyrde kva han sa, og fylgde etter Jesus. 38 Jesus snudde seg, og då han såg at dei fylgde etter, sa han: «Kva vil de?» Dei spurde: «Kvar bur du, rabbi?» Rabbi tyder lærar. 39 «Kom og sjå,» svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde; og dei vart verande hjå han den dagen. Det var ikring den tiande timen.

Ikkje fødde av kjøt nei, ikkje av menneskevilje, ikkje av mannsvilje, men av Gud. Ja, i det gamle testamentet var det også snakk om å gløyme si fars ætt.

Salme.45,1 Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik.
     2 Mitt hjarta strøymer over av gode ord,
        eg vil kveda min song for kongen.
        Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.
     3 Du er den fagraste av menneske,
        milde ord har du på lippa.
        Difor har Gud velsigna deg for alltid.
     4 Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,
        i di høgd og din herlegdom!
     5 Ha lukka med deg!
        Dra ut til strid
        for sanning, mildskap og rett!
        Di høgre hand skal visa deg
        skræmande storverk.
     6 Dine piler er kvasse
        – folk stuper for deg;
        dei råkar kongens fiendar i hjarta.
     7 Din kongsstol, Gud,
        står til evig tid,
        rettferds stav er din kongsstav.
     8 Du elska rettferd og hata urett.
        Difor har Gud, din Gud,
        salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.
     9 Av myrra, aloë og kassia
        angar heile ditt skrud.
        Du gleder deg over strengespel
        frå elfenbeinsprydde haller.
    10 Mellom dine edle damer
        er det kongsdøtrer,
        og ved di høgre side
        står dronninga i Ofir-gull.
    11 Høyr, dotter,
        sjå hit og vend øyra til!
        Gløym ditt folk og di farsætt,
    12 så vil kongen gleda seg over din venleik!
        For han er din herre,
        han skal du hylla.
    13 Frå Tyrus kjem dei med gåver,
        dei rike i folket søkjer din velvilje.
    14 I all sin prydnad stig kongsdottera inn,
        hennar kjole er gjennomvoven med gull.
    15 I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen.
        Etter henne fylgjer unge jenter,
        hennar veninner, som vert førte fram for deg.
    16 Medan folket ropar av fryd og glede,
        går dei inn i kongens slott.
    17 Dine søner skal koma i staden for fedrane;
        set dei til hovdingar kringom i landet!
    18 Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn;
        difor skal folka lova deg evig og alltid.

Her er det tale om Guds salvevigde, som han har salva til konge, Guds Messias, Kristus (v8). Så er det tale om ei ung jente som vert kalla dotter og det vert sagt til henne at ho skal sjå hit og høyre etter, gløyme sitt folke og si fars-ætt, så vil kongen glede seg over hennar venleik. For han er hennar Herre, han skal ho hylle. Dette må no vere ein profeti om gjenfødinga, ho vert fødd på nytt, fødd av Gud, derfor vert ho kalla kongsdotter og vert leidd fram for kongen. Dronninga står ved sida av han, ho er kona hans. Denne unge dottera er Guds dotter, men er ho ikkje Jesus brud også? Eg forstår det slik, så det fortel om både hans unge brud og hans kone (v11).

Joh.3, 22 Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga. 26 Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
    31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»

Når dei ikkje er fødde av menneskevilje og skal gløyme folket sitt, korleis kan dei då ære far og mor? Korleis kan dette vere å vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane? Eg trur Paulus gir oss beste svaret.

Rom.3, 21 Men no er Guds rettferd openberra utan lova. Om den vitnar lova og profetane. 22 Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad, 23 for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom. 24 Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus. 25 Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vera eit sonoffer – for dei som trur. På den måten synte Gud si rettferd. Før hadde han i sitt langmod bore over med dei syndene som var gjorde. 26 Men i vår tid ville han syna si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier den rettferdig som trur på Jesus. 27 Kvar er så det vi kan rosa oss av? All ros er utestengd! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru. 28 For vi meiner at mennesket vert rettferdig for Gud ved tru, utan lovgjerningar. 29 Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg, 30 så sant Gud er éin. Og han vil rettferdiggjera dei omskorne på grunn av tru og dei uomskorne ved tru. 31 Gjer vi då lova om inkje med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.

Fil.3,1 Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk.  2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg.  3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve.  4 Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir.  5 Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear,  6 så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova.  7 Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap.  8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus  9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.

Gal.6, 11 Sjå kor store bokstavar eg nyttar når eg no med mi eiga hand skriv til dykk! 12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa verta forfylgde for Kristi kross. 13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan skryta av det som er gjort med dykk på kroppen. 14 Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel! 17 Heretter må ingen valda meg møde meir, for eg ber Jesu merke på lekamen min. 18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.

I det gamle testamentet høyrest det ut som vår sjel er vår ære, så det er viktig for oss å søke ære hos Gud. Men det er først og fremst ved at vi ærer og takkar Gud, så å ære og dyrke han som Gud, blir til vår ære, ikkje først og fremst på grunn av kva vi er, men på grunn av kva han er for oss. Slik er det i det nye testamentet også, evangeliet er då ikkje ei jantelov og slett ikkje ved at menneske vert trælar under synd og soleis undertrykte. Men vi får tilgjeving av berre nåde, fordi Kristus døde i staden for oss, han er sjølv sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Derfor skal vi ære og takke Gud og Lammet for frelsa, då ærer vi også Gud som vår skapar.

Jesus sa at døyparen Johannes var den Elia som skulle komme. Det var vel han som ropte i heia at dei skulle rydje veg for Herren (Jesaja.40, Malakika.4). Den bodskapen trengst no også, ettersom vi ser fram til Jesu gjenkomst.

Matt.11, Då Jesus hadde sagt det han ville leggja dei tolv læresveinane sine på hjarta, fór han derifrå og tok til å læra og forkynna kring i byane.
     2 Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde:  3 «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»  4 Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:  5 Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige;  6 og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!»
   
Jesus vitnar om Johannes
 7 Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden?  8 Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane.  9 Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! 10 Det er om han dette er skrive:
        Sjå, eg sender min bodberar føre deg,
        han skal rydja vegen for deg.
    11 Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han. 12 Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg. 13 For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom. 14 Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma. 15 Den som har øyro, han høyre!
    16 Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:
    17 Vi bles på fløyte for dykk,
        men de ville ikkje dansa.
        Vi song syrgjesongar,
        men de ville ikkje klaga.
    18 For Johannes kom; han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord. 19 Menneskesonen kom; han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.»

Ødipus-komplekset som bortforklaring for avgudsdyrking og som motsetnad til bodskapen til Elia.

Som kommentar til møtet på Sion Åheim 6.3.2022, skreiv eg om Freuds påstand om ødipus-komplekset. Det baserer seg på ei myte i gresk mytologi og i samsvar med den påstod Freud at guteborn på 2,5-6 år lett ser på far sin som ein konkurrent om mora. Det er no merkeleg at dei skulle forstå far sin som ein konkurrent, det høver ikkje med det Bibelen lærer og heller ikkje med naturvitskapen. Men det er nok framleis med kopling til gresk mytologi, avgudsdyrking og synd. At dei dyrker lystene sine i staden for å dyrke Gud, så faren og mora har så lyst på kvarandre at det går utover lomsorga for borna og derfor oppfattar dei faren som ein konkurrent!?

I så fall skal no bodskapen til Elia gjere endring på det. I følgje Malakias.4,5, sender Gud profeten Elia, før Herrens dag kjem, den store og skræmande, dommedag altså. Han skal vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane. Forstår vi bodskapen hans slik? Døyparen Johannes forkynte no at alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born. I Johannes.3 fortel Jesus meir om gjenfødinga. Døyparen Johannes sa at Jesus er Messias og det er han som har brura og han døyper oss med den Heilage Ande. Jesus tala om Gud som ein god far, som gir oss den Heilage Ande.

Luk.11,11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

Sjølvsagt har ein far omsorg for son sin og gir han gode gåver og døyparen Johannes skulle no ha lært dei det også, så brukte Jesus det til å fortelje dei at Gud har omsorg for dei som sine born. Så hans bodskap om at han er Guds Son, vert gjennom gjenfødinga fruktbart både for kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, i ekteskapet og for deira omsorg for sine born.

«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born.  Han stelte vel med henne, men ho forstod seg ikkje heilt på det, så ho vende seg bort frå han og vart ei hore, ved at ho dyrka avgudane i staden. Ho lydde dei i staden, så ho endåtil drap borna han fekk med henne. Soleis vart avgudane konkurrentar til både mannen og borna. Då vende han seg bort frå henne og ikkje gav henne omsorg lengre, så det gjekk henne ille. Men omsider ville han ta omsorg for henne igjen og då skulle ho svar han som i trulovingstida. Det var også ein profeti om evangeliet om Kristus (Esekiel.23, Hoseas 2).

Finst det ein far mellom oss som ikkje har omsorg for sine born og gir dei gode gåver? Kor mykje meir vil ikkje Gud ha omsorg for sine born. Då er det meir enn merkeleg at leiinga i den katolske kyrkje i middelalderen vedtok at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, men må gå via paven, prestane og helgenane. Forklaringa på det må vel heller vere at avgudane vart konkurrentar til både Gud og borna hans. Og soleis vart dei konkurrentar til borna, om å få omsorg frå foreldra og konkurrentar til mannen med sitt krav på kvinna. Så poenget med ødipus-komplekset er å bortforklare deira eigne maktinteresse. Det er rart kor slike maktinteresse dukkar oppatt i dei utrulegaste samanhengar. Men mest tydeleg er det i kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Her vert no både mannen og borna atter erstatta av prestar og politikarar, så politiseringa av kvinna og kyrkja betyr at dei dyrkar styresmaktene som avgudar (Joh.Op.17-18).

Ein bodskap til meg og mitt distrikt med glede og fornying i ekteskap og heim.

Bodskapen.

Jesus sa til oss:

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Heidre min far og mi mor.

Når eg høyrde denne bodskapen tenkte eg med ein gong på far min. Både far min og mor mi er døde og sjølv er eg ikkje gift. Korleis kan dette vere ein bodskap til meg? Søsken mine lever enno og det er verdifullt både for meg og dei at vi ærar far og mor. Det har eg gjort i skriveriet mitt tidlegare, vil dømes når eg skreiv om gravferda til mor mi. No har eg nyst æra henne igjen i skriveriet mitt, utan å seie noko om far min. Kva kunne passe å nemne i denne samanheng? Han reiste som styrmann i utanriksfart, så då vart han fjern for oss. Når eg gjekk i barneskulen likte eg ikkje å lese, det som var oppdikta fortellingar var kjedeleg, eg ville heller vere vere ute og leike og oppleve noko sjølv. Når far min kom heim kravde han at eg skulle lære bibelsoga, så han spurde meg i den. Det andre brydde han seg ikkje om. Og forstod no at dette var noko som verkeleg hadde hendt og at det var viktig for oss. Så eg las og lærde. Det vart no klart at eg hadde talent for matematikk og fekk interesse for naturfag også.

Eg kan skrive mykje meir om far min, som eg kan ære han for. Men kva er poenget? Eg skal ære dei fordi eg har min genetiske arv ifrå dei og vere takknemmeleg for det dei har gjort for meg. Så eg skal ære dei ved at eg innser og erkjenner at eg liknar dei, men på den måten at eg ærar Gud som vår skapar og Kristus som vår frelsar, for på evangeliets grunnvoll vart vi forsona med Gud, så vi fekk oppleve at han gjorde sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og gjorde oss til sine reiskap. Så eigenskapar som eg arva frå mine foreldre gjorde han til reiskap for seg. Det innstiller eg meg på, slik vil eg ære Gud og Lammet og slik vil eg ære mine foreldre.

Mi fars-ætt.

Eg kan godt skryte mykje av både foreldra min og besteforeldra mine, men fyrst og fremst vil eg ære dei fordi dei trudde på Jesus, det gleder meg mest. Min far-far kom frå Leinøya i Hærøy og eg kan godt skryte av både han og søskene hans. Far hans heitte Petter og var gift med Oluffa. Frå henne går der ættegreiner tilbake til Harald Hårfagre tre gangar. Så der er mange kongar og jarlar i slekta, møre-jarlar, Rangvald Mørejarl var ein av dei. I ætta hennar var der også ein som var lektor og prest på 1500-talet. Her er dei opplysningane eg har om han:

Jens “Læsemester”. Omkring 1573 var han lektor ved katedralskulen i Bergen. Studerte ved Universitetet i Køpenhavn i 1570 – 1571. Var visstnok ingen lærd mann og ingen omtykt lektor. I 1602 avsett “for sin alderdom og skrøpelighets skyld”. Frisyn og mot gjorde at han kom på kant med øvrigheten. Sterk motstandar av hekseprosessane som førte til at Anne Pedersdatter vart brend i Bergen. (Siste person som er blitt brend som heks i Noreg.) På grunn av sitt standpunkt i denne saka vart han suspendert frå lektorembetet sitt. Etter avsettelsen var han prest på Nordfjordeid.

Etter det vi har høyrt om hekseprosessane, var det prestane som stod bak. Men her var det styresmaktene som stod bak, sidan han gjekk imot det, vart han suspendert som lektor, men tilsett som prest.

Vel, med den naturlege arven som eg då har frå far min, skulle eg ha anlegg for å gjere teneste i det kongelege presteskapet, som vi snakkar om. Det er fordi Jesus har valt meg ut og kalla meg til det, så då utrustar han meg til det også.

Jesus hadde planar med meg og min familie.

Eg kjem i hug at i 1995 sa Jesus han hadde nye vegar for meg, han hadde planar for meg, min familie kyrkjelyden og min omgangskrets. Så eg søkte på familie og fekk med meg ein bodskap frå 1993 også.

Bodskapen 10.10.1993:

«Ja, for jeg er lysenes Far, og hos meg er ikke forandring, eller skiftende skygge, som det kan være hos menneskene, som det kan være i ditt liv. Der er det ting som forandres og skiftes, for du er et menneske, men jeg er din Gud, og hos meg er det ikke forandring eller skiftende skygge. Men jeg er den som gir gode gaver, jeg er den som gir fullkomne gaver og nettopp i kveld så skal du få oppleve, at der finnes rikdommer som er skjult i mørke, skatter på lønnlige steder. Du skal få oppleve at jeg kaster lys inni ditt mørke, sier Herren, så du får oppleve at lyset på nytt kommer opp i ditt hjerte og du får se der er en skatt som jeg har lagt inni ditt hjerte, jeg har lagt noe av det evige, fullkomne, mitt eget liv inni ditt hjerte.

Ja, du har en skatt. Og om du ser på lærkaret, så vet du at det er skrøpelig, både ditt lærkar og alle som er omkring deg sine lærkar. De er skrøpelige, men du har en skatt, i lærkar, for jeg har flyttet inn, jeg bor i ditt liv, jeg bor i ditt hjerte. Derfor skal du ikke være opptatt av lærkaret, for lærkaret, det er i ferd med å gå til grunne, men vit mitt elskede barn, den skatt som er i deg, den fornyes dag for dag, ved min Ånd.

Så skal du være såre frimodig, så skal du øse ut, og dele ut, kaste ditt brød, både til høyre og til venstre. Du vil ikke alltid se frukt-resultater i nuet og i øyeblikket, men kast ditt brød ut på vannet, del ut til sju, del ut til åtte og du skal vite at i tidens fylde, så skal du finne det igjen, for det kommer en dag der hjemme i himmelen, og da skal det lyde over ditt liv: “Du har vært tro over lite, jeg vil sette deg over meget, gå inn til din Herres glede. Vær frimodig, så ut ved alle vann og du skal få erfare det skal bli rikdoms overflod i ditt eget liv.  Og du skal få se, om ikke her i tiden, så skal du i evigheten få se at der er noen som stråler i lysglans av min herlighet, som ble vunnet ved ditt vitnesbyrd, ved at du øste ut, ved at du strødde ut av det jeg hadde gitt deg. Evigheten alene vil vise, men vit; jeg tar vare på hos din trofasthet.

Og jeg vil opphøye og prise og herliggjøre ditt navn, for du er Jesus min Frelser. Jeg vil opphøye og ære og lovsynge deg, ifra dypet av mitt hjerte, fordi du tok deg av meg, ifra umgdommen av og fordi du har ført meg gjennom livet på din side, så vil jeg være med å opphøye og prise og herliggjøre ditt navn, du min Frelser og min venn.

Ja, så lenge jeg lever vil jeg være med å forkynne din pris, så lenge min tunge kan røre seg, så vil jeg være med å opphøye ditt navn, for du har gjort så underfulle ting imot meg, du har frelst min sjel, du har bevart mitt liv, du har ført meg fram på dine veier, du har bevart min familie, ja du har gjort storverk i mitt hjerte og mitt liv og for meg, og derfor vil jeg prise deg og opphøye deg og mitt hjerte og mitt liv er et “Halleluja” for det du Jesus har gjort. Halleluja, halleluja.»

Bodskapen hausten 1995:

            «…… med en gang du ser på de stengte dører. Men du skal vite, når dører lukkes igjen for deg, så står jeg med nye muligheter, jeg vil åpne nye dører for deg, sier Herren.

Difor ønsker jeg av deg at du vender deg mot et nytt mål, de muligheter som stiller åpen, sier Herren. Studer mitt ord og se hvilke velsignelser jeg har gitt deg der. Åpne deg for meg i bønn og lovprisning slik at jeg kan få legge ned i deg den velsignelsen som jeg ønsker å gi deg, sier Herren. Jeg har noe å gi deg, det er for deg.

Ja, bli stille for meg sier Herren. La meg få fylle dine tanker og ditt sinn. La mitt ord få gjennomsyre deg, slik at du får tenke mine tanker, sier Herren. Jeg har nye veier for deg. Og du skal få se at jeg har planer for deg, for din familie, for menigheten, for din omgangskrets. Du skal få være med på det. Midt i velsignelsen skal du stå og nyte det, sier Herren.»

Eg trur Jesus vil gi meg ei kone, så ho vert til hjelp for meg, både i kyrkjelyden, i familien, i forholdet til mine søsken og min omgangskrets elles.

Vende barnehjerta til fedrane, gå til fedrane. Mødrene då? Kjønnskromosom.

Når nokon døde, vart det sagt at dei gjekk til fedrane. Og denne nye Elia skulle vende barnehjarto til fedrane. Kva med mødrene då? Dei er inkludert når det er tale om fedrane, for Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt.

I det gamle testmamentet ser vi eit tydeleg kjønnsrollemønster, kvinna stelte huset og passa småborna, mannen jobba ute på garden og det hende kvinna også var med på det, særleg unge ugifte kvinner. Menn var kongar, embetsmenn, hærfærarar og soldatar. Slik passa dei på kvinner og born. Det er ikkje vanskeleg å forstå at det var slik, det er naturleg.

No kan vi forklare det med genetikk, for kvinna har kjønnskromosom XX, mannen har kjønnskromosom XY. Y-kromosomet er mykje mindre enn X-kromosomet, men er dominat over X-kromosomet, gena på Y dominerer over tilsvarande gen på X, så det blir mann i staden for kvinne (for dyra vert det hanne i staden for hoe). På Y-kromosomet er det ein kjønnsbestemmande region (sex-determining region, SRY), som bestemmer primær kjønnskarakter. Dessutan koder den for protein som regulerer andre gen, slik får mannen sekundær kjønnskarakter.

Dermed kan vi seie at Y-kromosomet har makt over andre kromosom, for SRY-genet har makt over andre gen. Så dette genet styrer mannens kropp, då kan vi vel også seie at mannen styrer kroppen sin med dette genet, same enten han er klar over det eller ei. Og slik vil han også styre kona si og huset sitt. Dette høver med det Paulus sa om at mannen er hovudet for kvinna, han elskar sin eigen kropp og har omsorg for den, derfor elskar han kona si også og har omsorg for henne. Derfor kan vi kalle dette eit kjærleiksgen, eit kjærleikskromosom, men det er vel X-kromosomet også.

Y-kromosomet er også krigskromosom, makt-kromosom og styre-kromosom. Det har vist seg i historia. Men vi treng også å lære av historia at vi treng å bøye oss for Kristus og erkjenne at han er Herre, både over kjærleikslivet og over maktutøvinga.

Salva med den Heilage Ande.

Oddleif hadde med seg prosjektor med stereoanlegg som han brukte til å leie lovsangen, teksta kom på skjermen. Men siste verset mangla på ein av sangane, så då oppfordra han folk til å finne den i sangboka og stemme i. Eg siterer første verset, refrenget og siste verset.

  1. Salige visshet, Jesus er min. Han er min hyrde, kaller meg sin. Salige visshet, allting er vel, Jesus har kjøpt meg, legem og sjel.
  2. Salvet med Ånden, kjærlighet stor. Døpt i frå oven, etter hans ord. Ild på min tunge, ild i min barm, han har meg fylt med kjærlighet varm.

Kor: Han er min glede, han er min sang. Han vil jeg prise livsdagen lang. Han skal jeg evig love hos Gud. Han er min brudgom, jeg er hans brud.

Sitatet er frå «Pris Herren», sangboka til «Ung Visjon» i Molde, så då var den kjøpt seinast sommaren 1977.

I sangboka, som dei brukar på bedehuset og som eg har hatt sidan 1967, manglar siste verset. Her vert det fortalt at den var forfatta av Fanny crosby i 1873 og kom på norsk i 1909.

I sangboka til den Frie Evangeliske Forsamling, utgitt 1973, mangla også siste verset. Her er siste setninga i referenget: «han er min brudgom, vi er hans brud».

I sangboka til pinserørsla, «Evangelietoner» frå 1988, er siste verset med, men siste halvdel av referenget er ikkje teke med, i staden er første halvdelen repetert.

I sangboka til Maranata, «Sildigregn» frå 2009, er sangen omlag som i «pris Herren».

Siste verset er sikkert av nyare dato, det er karismatisk og kom sikkert med den karismatiske vekkinga. Pinserørsla er no pionerane i den karismatiske rørsla, så det var no rart dei ikkje hadde fått med seg dette verset i sangboka, dei var tydelegvis ikkje heilt oppdaterte på det. Men koret var der i originalen, så då er det endå rarare at siste halva av det er amputert. I «Schibboleth» er «jeg» erstatta av «vi». Det også er rett.

Eg har fortalt at når eg var ung, så merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Det har seg slik at Ordet ved trua smeltar saman med meg i mitt hjerte og det er er no nettopp slik vi får komme inn til Guds kvile. Så eg hevdar at salvinga som han har gitt meg og som er i meg overtyder meg om at eg gjer rett i å synge «han er min brudgom, han er mi brud», eg elskar han som hans brud. For den Heilage Ande let meg få kjenne at han lever i meg, han elskar kvinna gjennom meg og frir til henne, så ho vil svare på hans med kjærleik, som hans brud. Slik kan eg seie at eg elskar han, i tru og forventning til at han gir meg ei kone som elskar han slik. Eg trur og forventer at det er ein siger som han gir meg og slik ser eg fram til den sigersprisen han har kalla meg til.

Vinne siger ved salvinga og fylden av den Heilage Ande.

Eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, men fekk motstand og det hang saman med motstanden mot den karismatiske rørsla. Det eg har å gjere då, er framleis å hengi meg til han og hans nåde og verte fylt av den Heilage Ande. Bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»

I trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde, vender eg hugen og blikket opp til han, så eg får oppleve at den Heilage Ande openberrar for meg at Herren Jesus bur i det høge og heilage, han er ved Faderens høgre hand. Og den Heilage Ande let meg også få kjenne at Jesus lever i meg, han og Faderen tek bustad hos meg.

Eg skal bidra med det Gud har gitt meg i hjertet.

Jesus frelste henne Virtuella og vekte henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen, så ho lovprisa han som sin frelsar og Herre og det vart også ein lovsang som Gud la ned i meg ved den Heilage Ande. Hausten 1995 sa han til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, står ved lag og skal stå fast i all æve.»

Seinare sa han at eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt meg i hjertet. Bodskapen.29.3.2015:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.»

Korleis kan eg bidra med det Gud har gitt meg i hjertet? Det er vel ved at eg framleis opnar meg for den velsigninga, opnar megt som kanal for Guds velsigning til henne Virtuella og henne Reella, slik som eg har opplevt det tidlegare.

Jesus har kalla meg til ein sigerspris.

Når eg var ein liten gutunge, lærde mor mi meg å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska. Etter kvart forstod eg at det var det innebar å frelse oss frå å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne som kjæraste og kone. Eg trudde og meinte at trua på Kristus var sameinleg med realfag. Vi måtte berre ikkje la oss lokke til å ete av kunnskapstreet.  Sidan oppdaga eg eit bibelvers som stadfesta dette,

2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.  3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 

Når vi søker Jesus av heile vårt hjerte og vender, hugen, sinn og tankar opp til han, så får vi oppleve at den Heilage Ande openberrar han for oss, så vi kan sjå på han med hjertets opplatne auge og med vårt sinn. Slik får vi sjå og oppleve at han er med oss alle dagar, samtidig brukar vi våre fysiske auge til å sjå det som er i det fysiske miljøet rundt oss. Så takkar vi han for frelsa, det som no frelser oss, dåpen, som er eit godt samvits pakt med (vedkjenning til) Gud, med grunnlag i Jesus oppstode frå dei døde. Det er altså ikkje på grunnlag av noko som vi ser eller sansar i det fysiske miljøet rundt oss. Det er ikkje på grunnlag av noko slik erfaring, vi treng heller ikkje noko slik erfaring for å underbygge det. Dette til skilnad frå metodene i naturfag.

No er det tyelegvis mange som hevdar at menneska framleis let seg dåre og forføre slik som ved syndefallet, så dei endåtil hevdar at slik er høgare utdanning også, den er å ete av kunnskapstreet. Endåtil mange kristne hevdar og meiner dette. Men dette er no dåring og etter mitt syn er ikkje realfag så dumt som dette. Men der ligg mykje verdsleg makt i det, også gjennom religionen, så det utartar seg som motstand mot meg og mi sak og motstand mot den kristne vekkinga. Kristus gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Når verdsleg makt strår imot, er det ved å prøve å få makt over kroppen, så det blir kroppen som strir mot sjela og ånda. Den andre forklaringa på det er at kjøtets lyst opponerer mot Anden. Paulus gav begge dei to forklaringane. Men det er då same mennesket som har både kropp og sjel, så for det einskile mennesket er dette destruktivt.

Jesus sigra over Djevelen, verda og døden og sette seg ved Faderens høgre han. Vi trur på han og lovpriser han for den sigeren han vann, vi lovpriser han som vår frelsar og Herre, slik let vi Gud få makta over oss, ved sitt Ord og sin Ande. Slik sigrar vi saman med Kristus.

Som Descartes trur eg at der er noko fullkome som er usynleg for det fysiske auget. Gud er fullkommen. Han sa til Moses at dei skulle kalle han «Eg er» (Jahve), for han er den han er. Han eksisterer og det er det som gjer skilnaden for oss, for han frelser oss og skaper oss i si likning, i Kristus.

Bodskapen 30.1.2022:

«Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.

Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og være bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.»

Velsigninga eller forbanninga.

Verte velsigninga ved trua på Jesus, så vi vert til velsigning. Sjå på Jesus og seie velsigninga.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Gud velsigna han og gav han den lovnaden at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast. Denne lovnaden får vi oppfylt ved trua på Jesus. Ved å tru på han vert vi rettferdige for Gud, ved å velsigne han og sjå på han, vert vi velsigna og vert vi til velsigning, derfor seier vi velsigninga.

Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, derfor seier eg velsigninga. Velsigninga betyr å komme inn i samfunn med Gud. Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, på det grunnlaget får vi komme inn i eit slikt samfunn med han som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han kyrkje er han brud, Gud skaper henne og bygger henne, ved at han skaper oss i Kristus og gjer oss til byggesteinar i dette byggverket. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Då handlar det også om at Gud skapar oss i samsvar med 1.Mos.2.

Evangeliet er ein frigjerande bodskap for einskild-menneske, men også for folket og slik er det eit godt grunnlag for nasjonal frigjering.

Det er mange som avviser evangeliet og seier forbanninga.

Det er mange som står imot den evangeliske forkynning, så når vi kjem med den bodskapen, møter vi sperra vegar og stengde dører. No kan det vere mange andre grunnar til at vi ikkje er velkomne i eit bestemmt miljø, slik er no samfunnet. Og kanskje kjem vi likevel inn i eit

miljø som avviser evangeliet, utan at vi er klar over det, men når vi fortel om vår tru på Jesus, oppdagar vi det.

Så spørst det om dei seier forbanninga i staden for å seie velsigninga.

Matt.10,40 Den som tek imot dykk, tek imot meg; og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. 41 Den som tek imot ein profet fordi han er profet, skal få ein profets løn, og den som tek imot ein rettferdig mann fordi han er rettferdig, skal få ein rettferdig manns løn. 42 Og den som gjev ein av desse små, om det så berre er ei skål kaldt vatn fordi han er læresvein – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn.

Gud velsigna Abraham og sa at den som velsignar han, blir velsigna, men den som forbannar han blir forbanna. Slik er det med Kristus også.

Eg har sagt velsigninga, det gjer eg framleis og det vil eg halde fram med. Men det er tydeløegvis mang som svarar med å seie forbanninga. Det kjem tydeleg fram i protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen, mennen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette har tydelegvis eskalert til hat imot norske menn, spesiel dei som kjem frå landsbygda og vidare til hat mot den kvite mann. Så det er rasehat.

Korleis har det gått til? Evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag. Dei jødiske leiarane tok ikkje imot og når dei kristne gjekk til heidningane, kravde dei omskjering. Men Jesus døde i staden for oss, det syndeofferet var godt nok og det var omskjering godt nok, vi vert hjerteomskorne i den Heilage Ande. Når dei då likevel krev omskjering, blir det ikkje då rasistisk, er ikkje det eigentleg poenget? Det er no tydelegvis slik det utartar seg, det har vorte tydeleg i protesten mot Paulus si lære.

Paulus sa at dei kravde omskjering, så dei kunne skryte av kva som hadde vorte gjort med kroppen.

Gal.6, 12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa verta forfylgde for Kristi kross. 13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan skryta av det som er gjort med dykk på kroppen. 14 Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning.

Omskjeringa var ei symbolsk handling, den var symbol på hjerteomskjeringa i den Heialge Ande og den har vi no fått ved trua på evangeliet om Kristus. Poenget er at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Slik får vi komme inn til Guds kvile, vi får kvile på grunnlag av det Gud har gjort og framleis gjer, det er ikkje noko som verken vi eller andre menneske har å skryte av, men som vi ærar og takkar Gud og Lammet for.

Når dei då krev omskjering, verkar det som om dei krev å få noko av æra for det i staden for å ære Gud og Lammet. Vidare verkar det som dei vil ha ære i staden for at vi skal ære far og mor. Bodskapen til profeten Elia (Johannes døyparen) blir då tvert om å vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane, så vi skal ære far og mor fordi dei hadde omsorg for oss.

Opne ditt hjerte og ta imot bodskapen.

Jeus har mange gangar minna meg om å opne meg for fylden av den Heilage Ande og no minna han meg om å ta imot denne bodskapen:

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Han har sagt han vil gjere meg til kanal for si velsigning, eg skal sjå på det verk han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Men i det eg ser på det verk han har gjort i meg og gjennom meg, har eg visst altfor lett for å sjå ned og byrje med intraspeksjon. Herren har då mange gongar minna meg om å sjå opp til han og lovprise han for frelsa, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår. Så eg skal glede meg i Herren. Eg skal bøye meg for han og ta imot det som han gir meg gratis, av berre nåde. Eg trur på Jesus med hjertet og den Heilage Ande let meg få kjenne at han lever i meg. Ja, han har no sagt at han vil ta bustad hos meg.

­Det minner meg om korleis eg opna meg for fylden av den Heilage Ande og fekik oppleve at Gud openberra for oss si frelse i Kristus, først for meg og henne Virtuella og så for meg og henne Reella. Det gjorde eg rett i og eg gjer rett i å takke han for det og framleis ta imot fylden av den Heilage Ande slik, så eg framleis takkar han for det, i tru og von om at han som byrgja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Vi møter tydeleg vis på det problemet, at der er ein som står imot, men Jesus skal tyne han med pusten frå sin munn (2.Tess.2).

Gud har omsorg for oss ved sitt Ord og sin Ande og ved sine englar.

Vi føler kjærleiken sterkast i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og mellom foreldre og barn, så Bibelen brukar mannens kjærleik til kone og born til å forkynne sin kjærleik til oss. Det er igjen fruktbart nettopp for kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og mellom foreldre og born. Dette blir spesielt tydeleg i evangeliet om Kristus, til dømes ved at han velsigna småborna og forkynnte gjenfødinga.

Luk.11,9 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.
    11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

Foreldra hadde omsorg for borna sine heilt til dei var voksne nok til å gifte seg og hadde omsorg for det også. Det vart tydeleg når Abraham ville finne kone til son sin, Isak.

1.Mos.24,1 Abraham var no gamal og langt oppi åra, og Herren hadde velsigna han i eitt og alt.  2 Då sa Abraham til den eldste trælen i huset, han som styrte med alt det han åtte: «Legg handa di i fanget mitt,  3 så vil eg ta deg i eid ved Herren, som er Gud i himmelen og på jorda, at du ikkje finn ei kone til son min mellom døtrene åt kanaanearane, som eg bur i lag med.  4 Men til mitt eige land og folk skal du fara og henta ei kone til Isak, son min.»  5 Trælen sa til han: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg hit til landet, skal eg då ta son din attende til det landet du er komen frå?»  6 Abraham svara: «Ta deg i vare så du ikkje fer dit att med son min!  7 Herren, Gud i himmelen, som tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, han som tala til meg og svor at han ville gje mi ætt dette landet, han skal senda engelen sin framføre deg, så du finn ei kone til son min der.  8 Men vil ikkje jenta fylgja deg, skal du vera løyst frå eiden. Far berre ikkje dit att med son min!»  9 Då la trælen handa si i fanget åt Abraham, herren sin, og svor på det.
    10 Så tok han ti av kamelane åt husbonden sin og gav seg i veg, og alle slag gilde ting hadde han med frå herren sin. Han tok ut og kom til Mesopotamia, til byen der Nakor budde. 11 Han lét kamelane leggja seg ned attmed ein brunn utanfor byen. Det var i kveldinga, på den tid kvinnene plar gå ut og henta vatn. 12 Og han bad: «Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min, lat det lukkast for meg i dag, og gjer vel imot Abraham, husbonden min! 13 No står eg her attmed kjelda medan dei unge jentene i byen kjem ut etter vatn. 14 Seier eg til ei jente: Halla på krukka di, så eg får drikka! og ho svarar: Drikk du, og kamelane dine skal eg òg gje vatn – lat det då vera henne du har etla til Isak, tenaren din! På det skal eg skjøna at du har gjort vel mot husbonden min.»
    15 Før han var ferdig med bøna, bar det så til at Rebekka, dotter til Betuel, kom ut med ei krukke på aksla. Betuel var son til Milka og Nakor, bror åt Abraham. 16 Det var ei ovven jente, ei ungmøy som ingen mann hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda og fylte krukka. Då ho kom opp att, 17 sprang trælen imot henne og sa: «Lat meg få drikka litt vatn av krukka di!» 18 Ho svara: «Drikk, herre!» og ho skunda seg og tok krukka ned i handa og lét han drikka. 19 Då han hadde drukke seg utyrst, sa ho: «Eg skal henta vatn til kamelane dine òg, så dei kan sløkkja torsten.» 20 Og ho skunda seg og tømde krukka i troa. Så sprang ho bort til brunnen att etter vatn og brynte alle kamelane hans. 21 Mannen stod tagal og såg på henne. Han ville vita om Herren hadde late ferda hans lukkast eller ikkje.
    22 Då kamelane hadde drukke, tok mannen fram ein gullring som vog ein halv sekel, og to armband av gull til henne; dei vog ti sekel. 23 Og han sa: «Kven si dotter er du? Kjære, sei meg det! Kan far din hysa oss i natt?» 24 Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nakor og Milka. 25 Vi har fullt opp av halm og fôr,» sa ho, «og husrom har vi òg.» 26 Då bøygde mannen seg til jorda, tilbad Herren 27 og sa: «Lova vere Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, som ikkje har teke si miskunn og sin truskap frå husbonden min! Herren har ført meg rette vegen til frendane åt husbonden min.»
    28 Jenta sprang heim til mor si og fortalde alt dette. 29 Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen attmed kjelda. 30 For då han fekk sjå ringen og armbanda som systera hadde på seg, og då han høyrde henne fortelja kva mannen hadde sagt, gjekk han ut til mannen. Og sjå, der stod han hjå kamelane attmed kjelda. 31 Då sa Laban: «Kom inn, du som er velsigna av Herren! Kvifor står du her ute? Eg har fjelga i huset og stelt til rom åt kamelane.» 32 Så gjekk mannen inn i huset og kløvja av kamelane. Laban henta halm og fôr til dyra og vatn til mannen og dei som var med han, så dei kunne vaska føtene. 33 Så sette dei fram mat for han; men han sa: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har bore fram ærendet mitt.» Dei svara: «Sei fram!»
    34 Då sa han: Eg er trælen åt Abraham. 35 Herren har storleg velsigna husbonden min, så han har vorte rik. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, trælar og trælkvinner, kamelar og esel. 36 Og Sara, kona åt husbonden min, har fått ein son på sine gamle dagar; og alt det han eig, har han gjeve sonen. 37 No har husbonden min teke meg i eid og sagt: «Du skal ikkje finna ei kone til son min mellom dei unge jentene i Kanaan, det landet eg bur i. 38 Men til farshuset og folket mitt skal du fara og finna ei kone til son min.» 39 Då sa eg til husbonden min: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg?» 40 Han svara: «Eg har ferdast for Herrens åsyn. Han skal senda sin engel med deg og la ferda di lukkast, så du finn ei kone til son min i mitt eige folk og farshus. 41 Når du kjem til folket mitt, skal du vera løyst frå eiden du har svore meg. Jamvel om dei ikkje vil la deg få henne, skal du vera løyst frå eiden.» 42 Då eg kom til kjelda i dag, sa eg: «Herre, Gud åt Abraham, husbonden min! Gjev du må la ferda mi lukkast! 43 Her står eg attmed denne kjelda. Kjem det no ei ung jente ut etter vatn, vil eg seia til henne: Lat meg få litt vatn av krukka di! 44 Svarar ho då: Drikk du, og til kamelane dine skal eg òg henta vatn, så lat det vera den kvinna du, Herre, har etla til son åt husbonden min.» 45 Før eg var ferdig med bøna, kom Rebekka med krukka på aksla. Ho gjekk ned til kjelda og auste opp vatn. Då sa eg til henne: «Kjære, lat meg få drikka!» 46 Ho skunda seg, tok krukka ned og sa: «Drikk du, og kamelane dine skal eg òg brynna.» Så drakk eg, og kamelane gav ho òg vatn. 47 «Kven si dotter er du?» spurde eg henne. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nakor og Milka.» Då sette eg ringen i nasen hennar og gullbanda på armane hennar. 48 Og eg bøygde meg til jorda og tilbad Herren. Eg lova Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, fordi han hadde ført meg på rett veg, så eg kunne få dotter til brorson åt husbonden min til kone åt son hans. 49 Vil de no vera gode og trufaste mot husbonden min, så sei meg det! Og vil de ikkje, så sei meg det òg, så eg veit kva eg har å halda meg til!
    50 Då svara Laban og Betuel: «Dette kjem frå Herren. Vi kan ingenting seia, anten frå eller til. 51 Sjå, her har du Rebekka! Ta henne og far heim att! Lat son åt husbonden din få henne til kone, som Herren har sagt!» 52 Då trælen hans Abraham høyrde det, bøygde han seg til jorda for Herren. 53 Og han tok fram klede og smykke av sølv og gull og gav Rebekka. Til bror hennar og mor hennar hadde han òg dyre gåver. 54 Så åt dei og drakk, han og mennene som var med han, og dei var der om natta.
        Då dei stod opp om morgonen, sa han: «Lat meg få fara heim att til husbonden min!» 55 Men bror til Rebekka og mor hennar sa: «Lat jenta vera hjå oss ei tid, ti dagar eller så! Sidan kan ho fara.» 56 Då svara han: «Heft meg ikkje, no når Herren har late ferda mi lukkast! Lat meg få ta i veg og fara heim att til husbonden min!» 57 Dei sa: «Vi skal ropa på jenta og spørja henne sjølv.» 58 Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du fara med denne mannen?» Ho svara: «Ja, det vil eg.» 59 Då lét dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar fara saman med trælen åt Abraham og mennene hans. 60 Dei velsigna Rebekka og sa til henne:
        «Kjære syster, gjev du må verta
        til tusen gonger titusen!
        Gjev dine etterkomarar må ta
        borgene frå sine fiendar!»
    61 Så gjorde Rebekka og jentene hennar seg i stand, sette seg på kamelane og fylgde trælen. Han tok Rebekka med seg og fór av garde.
    62 Isak var nett komen heim frå Lakai-Ro’i-brunnen. Han heldt til i Negev den gongen. 63 I kveldinga tok Isak seg ein tur ut på marka. Då han såg opp, vart han brått var nokre kamelar som kom. 64 Og då Rebekka såg opp, fekk ho auga på Isak. Då sprang ho ned av kamelen 65 og sa til trælen: «Kven er den mannen som kjem imot oss bortpå marka?» Trælen svara: «Det er husbonden min.» Då tok ho sløret og hadde det for andletet. 66 Så fortalde trælen Isak alt det han hadde gjort. 67 Og Isak leidde Rebekka inn i teltet åt Sara, mor si. Han tok henne til kone og vart glad i henne. Såleis fann Isak trøyst i sorga over mor si.

Ein predikant som talte over denne teksta sa at denne trælen var symbol på den Heilage Ande. Meininga med det var no at dette er eit oppdrag for den Heilage Ande, men dette var då ein træl og det er ikkje særleg talande for Anden, ettersom Paulus sa at Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Men Abraham sa at Herren skulle sende engelen sin fra føre han og det er meir talande for korleis Anden tok seg av denne saka.

Og eg trur at slik tek Herren seg av denne saka for meg også. Han har sett fram for meg ei open dør og ynskjer meg velkommen inn, han kallar meg til å gå inn gjennom døra. Det skriv seg frå bodskapen til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia i Op.3. Eg har samanlikna det med andre skriftstader, der det er tale om porten og vegen til livet, vegen til Faderen, vegen som Jesus har bane for oss gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen og døra inn til sauene. Jesus er døra inn til sauene, men her er det tale om både å gå inn, for å blir frelst og for å bli hyrding, å gå inn og gå ut og finne beite. Men i Op.3 er det berre tale om å gå inn og slik også i desse bodskapane. Det er ein bodskap til ein engel og ein engel er sjølv ein bodbringar frå Herren. Poenget er altså at eg skal sjå at han har sett fram for meg ei open dør, så eg skal få komme med min bodskap.

Han seier «deg», som eg kan forstå som meg, slik som når han kalla deg til å opne deg for denne bodskapen, denne søndagen. Og det er no klart at eg må først og fremst opne meg for bodskapen og ta imot den sjølv, for å gå med bodskapen og bringe den vidare til andre. Men då er det også klart at det er ikkje berre meg, men bodskapen er sikkert til andre også. Eg skal opne meg som kanal for Guds velsigning til andre, ja, men då treng dei også å opne seg og ta imot den.

, , ,

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *